Yndlingsplassen min

Min yndlingsplass er Taumevatn, der har eg vore mange gonger. Det er ein plass familien min og eg reiste mykje på ferie. Her sov vi i telt, og var fleire dagar om gongen. Taumevatn ligg eit lite stykke unna Sirdalen. For å komma seg opp til vatnet må du først sykle og så gå eit stykke inn på fjellet. Det er min yndlingsplass fordi vi hadde nokon fantastiske stundar der. Vi gjekk turar i fjellet og bada mykje. Naturen rundt oss var nydeleg, der var fleire store elver og fjell rundt oss. Det var fiskevatn og mykje skog.
Om dagane gjekk vi på små turar og utforska naturen rundt oss. Ein av turane gjekk til Taumevatn-hytta, der skreiv vi inn namna våre i ei bok og kjøpte oss ein kjekspakke. Eit lite stykke frå leirplassen var det eit stort gjørmehol, der sprang vi rundt og hoppa i gjørma. Etterpå bada vi i vatne som låg rett ved sia av, denne turen gjekk vi mange gonger for det var utruleg kjekt.

Ein tur opp hit igjen skal det bli snart.


Bilderesultat for taumevatn
Taumevatn - hytta




https://www.google.no/search?hl=no&site=imghp&tbm=isch&source=hp&biw=1920&bih=964&q=taumevatn&oq=taume&gs_l=img.3.0.0j0i30k1l4j0i5i30k1j0i30k1l4.632.1398.0.3095.5.5.0.0.0.0.168.622.1j4.5.0....0...1ac.1.64.img..0.5.619...0i10i30k1.ohAqVxqy4qQ#imgrc=VME-B0ryyK3pmM%3A

Kommentarer

  1. Så fin tekst, Sandra! Du skildrar plassen godt, og får med mange detaljer som får meg til å ynske å reise og oppleva dette sjølv. Du har god flyt i teksten og god rettskriving.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

fire bilder fra Norge på 1800-tallet